Her kjem nyheitsbrev frå Solund kommune, med små og store nyheiter 🎉
Solundnyheiter til deg som er ung |
Ønsker du å vite kva som skjer i Solund?
Mange unge i eller frå Solund har ønska seg akkurat dette. Med nyheitsbrevet kan du følge med på små og store nyheiter. De som er i dei eldste trinna på grunnskulen får det via skulen og foreldre. Vi ber deg som er forelder/føresett om å sende nyheitsbevet vidare til ungdommane dykkar.
Tips oss, med bilder og saker som du tenkjer kan vere kjekt for andre å lese om. Det er saker om jobb og mogelegheiter i Solund, og kva som skjer på fritida, som står øverst på ønskelista dykkar. Og mykje meir kjem. Følg med vidare. ✨💬 |
|
|
Ungdomsrådet i Solund fekk 100 000 kroner frå ungdomsprosjektet. Til å bruke på sånt som gjer kvardagen kjekkare. Og no er tinga her.🚛💨 Etter gode diskusjonar landa dei på fleire tiltak som kjem til å bli masse brukt. Og gratis å bruke: 🏐 Flyttbart volleyballnett 🎤 Portabelt musikk- og karaokeanlegg ⛳ Minigolf 🎮 Gaming-PC'ar
Noko låner vi. Noko kjøper vi. Her ligg det altså an til både turneringar, og karaokekveldar med stemning 😄. Vollyeballutstyret og mingolfen skal i Hardbakke 20 (hamna). Volleyballnett og -ballar skal til stranda Sandpøyla ved Ytrøy/Lundøy. Men, det stoppar ikkje der! Truleg blir det plass til eit båtførarkurs til hausten. |
|
| Gratulerer! 🎈🥳
Det er mange unge som har ynskja å behalde tilknytninga til Solund, også når ein bur på hybel eller er elev på vidaregåande skule. Du som har fylt 15 år kan melde deg på nyheitsbrevet for unge/vaksne, og som inneheld nyheiter meir tilpassa dykk. Nyheitsbrevet kjem i epostboksen din, og held deg oppdatert på ting som er på gang, og sosiale og kjekke ting som skjer i Solund og rundt om. Vi har allereie mange på kontaktlista, og Solund har masse spanande på gong. 📝 Meld deg på nyheitsbrevet for info 📘 Og følg med i kanalane våre 👍 |
|
|
|
Ville det ikkje vore fantastisk om strendene i Hardbakke hamn fekk påfyll av mjuk, kvit sand?
Og grindabygget fekk eit par veggar med glas som gir ly mot vèr og vind. Samstundes som du kan sjå sola glitre i sjøen, og folk som kosar seg på strendene og grillar i Den hemmelege hagen? Dette gjer faktisk Plan og teknisk i kommunen. Som ein del av fleire oppgraderingstiltak i hamneområdet. Ungdomsprosjektet sikrar óg at de straks kan spele volleyball på skjelsandstranda Sandpøyla ved Ytrøy. Vi gler oss! ☀️ |
|
| Har du lurt på om du kan gå inn i den store, fine hagen i Hardbakke hamn - nr. 20 - den som kommunen har kjøpt? Det kan du! Her kan du: ☀️ Slappe av i sola 🧺 Ha picnic ved parkborda
🔥 Grille i bålpanna og grillen 🎯 Spele kubb (lånt gratis på BUA) 🏐 Spele volleyball og minigolf (straks) Kort sagt – ein liten og nydeleg park midt i hamneområdet. Nær strender, kaier og butikkar. Berre hugs å rydde og sløkke etter deg - og ta hensyn til naboar.💚 |
|
|
|
Illustrasjonsbilde: Pexels pixabay |
Dette skjer i Solund og rundt om i sommar |
Det skjer noko moro både i Solund og rundt om i sommar. Det beste av alt er at det meste er gratis. Frå juni til august kan de som er 6-13 år delta på friluftsskular, dans, teaterverkstad, coasteering og kajakksommar. Solundfest i juli og Solunddagane i august har ulike aktivitetar. Følg med på ulike kanalar og Foreningsportal.no, der dei fleste arrangement i Solund er samla. Dagens tips: Infoskjerm-appen sørger for at du ikkje går glipp av noke!
G🌞d sommar! 🏖️ |
|
|
|
Du mottek dette nyheitsbrevet fordi du er i målgruppa. Kontaktinfo er henta frå påmelding, og Kontakt- og reservasjonsregisteret. |
|
|
|
|